Turmarsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Turmarsj er ein sport der ein går arrangerte turar. I Noreg blir mange av turmarsjane arrangert av Norges Turmarsjforbund sentralt, og ei rekke lokale turmarsjforeningar.

Sporten passar for alle menneske, små og store, og ein treng ikkje andre eigenskapar for å delta enn turglede. Ein treng ikkje eingong kunne gå, då det ikkje er uvanleg å sjå barnevogner og rullestolar ute i løypa. Det er ingen konkurranse, tidtaking eller vinnarar, berre høve til trim og sosialt samhald, samt moglegheiter for å vere med på bussturar og andre turar til steder i inn- og utland for å delta i turmarsjar andre stader. For å delta betaler ein ei deltakaravgift som varierer frå 10 til litt over 100 NOK, avhengig av om ein berre ønskjer IVV-stempel i deltakarbeviset eller medalje i tillegg til IVV-stempelet.

Distansane ein går varierer frå 5 til over 20 km, og terrenget varierer mellom asfalterte sentrumsgater, landevegar, skog og fjell. Det er ein god måte å bli kjent med eigen by eller bygd eller andre delar av landet.

Turmarsjane var populære like etter krigen og på 1980- og 1990-talet.

Etter år 2000 har interessa dalt og mange turmarsjar har blitt avlyste eller lagt ned permanent.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er turmarsj organisert i Norges Turmarsjforbung som igjen er medlem av Internationaler Volkssportverband (IVV).