Typegodkjenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Typegodkjenning er godkjenning av eit instrument eller ein annan produkttype basert på grundige undersøkingar av eitt eller få eksemplar av produktet. Dette vert mellom anna gjort for å sikre seg at produkttypen tilfredsstiller krav frå styresmaktene i ei forskrift før produktet kan leggast ut for sal. Det kan òg dreie seg om krav frå ein profesjonell kunde før det vert bestilt store mengder av produktet.

Typegodkjenning er ein del av føresetnaden for CE-merking og sal av mange produkttrypar i forhold til EØS-forskriftene. I tillegg vert det gjort stikkprøvar av produkta når dei er i sal for å sikre at dei er i samsvar med typeproduktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]