USS «Lexington» (CV-2)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
USS «Lexington» (CV-2) forlet San Diego, California, den 14. oktober 1941

'USS «Lexington» (CV-2) var eit amerikansk hangarskip av Lexington-klassen. Skipet var det fjerde amerikanske krigsskipet som fekk namnet «Lexington» og vart opphavleg bygd som slagkryssar (CC-1), men vart konvertert og fullførd som USAs andre hangarskip.

Ved åtaket på Pearl Harbor den 7. desember 1941 leverte «Lexington» fly til Midway Islands og slapp dermed unna det japanske angrepet. Den første operasjonen til skipet var eit forsøk på å støtte styrkane på Wake og i januar 1942 gav «Lexington» flystøtte til et raid mot Marshall-øyane. Den 8. mai 1942 deltok skipet i slaget i Korallhavet. Stupbombefly vart sendt ut for å gå til åtak på dei japanske hangarskipa «Shokaku» og «Zuikaku» , men samtidig vart skipet sjølv angripe av japanske fly. «Lexington» vart treft av to torpedoar og to bomber, eksplosjonane skapte lekkasjar i drivstofftankane til skipet. Brannen som oppstod om bord klarte ein først å sløkkje, men ein time etter åtaket starta brannen på nytt og ei rekkje eksplosjonar fylgde. Seks timar etter det japanske åtaket på «Lexington», vart det gjeve ordre om å forlate skipet. 216 av mannskapet omkom.