Ula-klassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ula-klassen er ein type undervassbåtar (type 210). I den norske marinen avløyste dei Kobben-klassen, som var i drift frå kring 19642001. Båtene har diesel-elektrisk framdrift, og har ei offisiell operativ djupn på 250 meter. Dei seks båtane er alle oppkalla etter tidlegare båtar av U-klassen. Dei har alle base på Haakonsvern i Bergen. Bygginga av Ula-båtane var ein del av MDAP, og dei er forventa å vera i aktiv teneste til ut år 2020. Båtane dekkjer pennantnummer S-300 til S-305. Namnet Ula kjem av ubåten KNM Ula (P-66) frå andre verdskrig, som igjen var oppkalla etter losen Ulabrand frå Ula i Vestfold.

Ubåtane vart levert av Thyssen Nordsee Werke frå 1989 til 1992, skal utfasast i 2020. Alle fartøya i Ula-klassen har namn som byrjar på bokstaven u.

Fakta:

Lengd: 59 meter

Breidd: 5,4 meter

Djupte: 4,6 meter

Fart: 11 knop oppdykka / 20 knop neddykka

Deplasement: 1040 tonn oppdykka / 1150 tonn neddykka

Framdrift: Diesel-elektrisk

Våpen: Torpedoar

Besetning: 21 +

Kjelder[endre | endre wikiteksten]