Uladzimir Njakljajew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uladzimir Njakljajew

Uladzimir Prakopavitsj Njakljajew, kviterussisk Уладзімір Пракопавіч Някляеў, russisk Vladimir Prokofjevitsj Nekljajev (fødd 11. juli 1946 i Smarhon i Hrodna-provinsen) er ein kviterussisk poet, forfattar og politikar. Han har vunne fleire prisar for litteraturen sin. Sidan 25. februar 2010 har han vore leiar for kampanjen Sei sanninga. Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland 19. desember 2010. Kvelden den 19. desember vart han banka opp av politifolk då han var på veg for å delta i demonstrasjonar mot valfusk.[1] Han vart arrestert og tiltalt for å ha organisert opptøyar. Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International reknar han som ein samvitsfange.[2] Under rettssaka i mai 2011 la aktoratet ned påstand om tre års betinga fengsel for rolla hans under demonstrasjonane.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.amnesty.org på engelsk.
  2. www.amnesty.org på engelsk.
  3. "Прокурор предлагает не сажать экс-кандидатов в президенты Белоруссии Некляева и Рымашевского" frå Gazeta.ru, 17. mai 2011, på russisk