Ultimogenitur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ultimogenitur (av latin ultimat, 'den siste', og genitus, 'fødd'), sistefødselsrett eller yngste sons rett viser til at det sistefødde barnet i ein familie har fortrinnsrett til å arva visse eigedommar eller titlar. I arvesystem der arva følgjer farslinja vil dette gå til den yngste sonen.[1]

I nordisk rettshistorie har retten berre vore formelt kjend på Bornholm. Han blei anerkjend gjennom ei kongeleg dansk forordning om «selveiergaardes arv» 14. oktober 1773. «Naar en selv-eier-gaard falder i arv, da er, efter Bornholm's gamle vedtægt, den yngste søn nærmest til sæde og adgang..» Etter den yngste sonen og sønene hans skulle den næraste eldre sonen arva, og «naar ingen sønner ere til, da iblandt døtrene den ældre frem for de yngre.»[2]

Dei eldre syskena skulle få ein del av arva utbetalt («taaleligt vederlag»). Ordninga blei oppheva i 1887.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ultimogenitur». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 2. februar 2018. 
  2. Yngste sons rätt i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1922)