Ultramikroskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ultramikroskop er eit mikroskop med mørkefeltbelysning. Det vert nytta til å studere objekt med storleikar under grensa for oppløysingsevna til vanlege mikroskop. Objekta, til dømes røykpartiklar i luft eller kolloidale partiklar i ei væske, vert studert gjennom eit vanleg mikroskop, men lyssett frå sida. Berre lys som blir spreidd av partikkelen kjem då inn i mikroskopet. Partiklar som er mindre enn bølgjelengda til lyset, blir ikke optisk avbilda, men vert sett som små runde, lysande skjever. Ei sannare avbilding av så små objekt kan ein oppnå med elektronmikroskop.

Det vart funnen opp av H. Siedentopf og Richard Adolf Zsigmondy i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]