University of Minnesota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Minnesota
Folwell Hall.jpg
Grunnlagt 1851
Type delstateigd
Stad Minneapolis, Minnesota
Studentar 65 500
Tilsette 3 100
Nettstad www.dayton.edu

University of Minnesota er eit offentleg (delstateigd) universitet i Minnesota i USA. Det har fire avdelingar, og vart grunnlagt i 1851 som den første lærestaden i delstaten. Morrill Act gav delfinansiering til lærestaden etter borgarkrigen. Det tilhøyrer den eksklusive gruppa av åtte offentlege kvalitetsuniversitet i USA – Public Ivy.

Lærestadane og dei viktigaste skulane er:

  • University of Minnesota, Minneapolis (1851) – 50 402 studentar
    • University of Minnesota Law School
    • Medical School
    • Carlson School of Management
    • School of Public Health
    • Hubert H. Humphrey Institute of Public Affairs
  • Univ of Minnesota, Duluth (1947) – 11 090 studentar
  • Univ of Minnesota, Morris (1959) – 1 740 studentar
  • Univ of Minnesota, Croockston (1966) – 2 414 studentar

Campusen i Saint Paul har bakgrunn frå Duluth Mormal School (1895) og er fokusert på landbruksfag og farmasi. Minnesota-campusen har eit breitt studietilbod.

Morris-campusen har røter i ein katolsk skule for indianarar.

Med sine over 65 500 studentar (2006) er University of Minnesota det fjerde største universitetet i USA. Det har 3 100 tilsette, og i studieåret 2006-07 var skulepengane USD 9 200 for studentar folkeregistrert i Minnesota.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]