University of Nebraska–Lincoln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University of Nebraska–Lincoln
Nebraska Union.jpg
Nebraska Union
Motto Literis Dedicata et Omnibus Artibus
Dedicated to Letters and All the Arts
Grunnlagt 1869
Type Flaggskip
Offentleg
Land grant
Rektor Harvey Perlman
Stad Lincoln i Nebraska i USA
Koordinatar 40°49′03″N 96°42′05″WKoordinatar: 40°49′03″N 96°42′05″W
Studentar 24 593[1] (2011)
Nettstad www.unl.edu/

University of Nebraska–Lincoln (ofte berre kalla Nebraska, UNL eller NU) er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i Lincoln i Nebraska i USA.[2] Det er det eldste og største universitetet i delstaten og eit flaggskipuniversitet.

Universitetet vart grunnlagd i 1869 som eit land-grant-universitet, to år etter at Nebraska vart ein delstat i USA. Kring 1900 vart universitetet utvida kraftig. Nebraskametoden for økologiske studiar utvikla seg her på denne tida, noko som var eit pionerarbeid innan økologi i slettelandskap og la grunnlaget for forsking på teoretisk økologi for resten av 1900-talet.[3][4] Universitetet er delt inn i åtte college, fordelt på to campusar i Lincoln med over 100 skulebygg og forskingsanlegg.[5]

Idrettsprogrammet, kalla Cornhuskers, er medlem av Big Ten Conference. Nebraska sitt lag i amerikansk fotball har vunne i alt 46 ligatitlar og sidan 1970 vorte nasjonale meistrar fem gonger.[6] Laget spelar på Memorial Stadium med ein kapasitet på kring 85 000 menneske, noko som er meir enn den tredje største byen i Nebraska, Bellevue.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «University of Nebraska–Lincoln Factbook 2011–2012». Lincoln, NE: University of Nebraska–Lincoln. http://irp.unl.edu/dmdocuments/fb11_12.pdf. Henta September 7, 2011. 
  2. «Carnegie Classifications – University of Nebraska». Carnegie Foundation for the Advancement of Teaching. http://classifications.carnegiefoundation.org/lookup_listings/view_institution.php?unit_id=181464. Henta September 6, 2010. 
  3. Vandervoort, Frances (1999). «A Green Centennial». The American Biology Teacher (University of California) 61 (9): 648–659. JSTOR 4450796. 
  4. Merchant, Carolyn (2005). «Chapter 9: The Rise of Ecology 1890–1990». The Columbia Guide to American Environmental History. Manhattan, NY: Columbia University Press. ss. 163–164. ISBN 978-0-231-11233-8. 
  5. «UNL Historic Buildings – Historical Overview». Lincoln, NE: University of Nebraska–Lincoln. 2005. http://historicbuildings.unl.edu/overview.html. Henta September 5, 2010. 
  6. «Nebraska volleyball history». NU Athletics. http://www.huskers.com/SportSelect.dbml?DB_OEM_ID=100&KEY=&SPID=23&SPSID=18. Henta September 5, 2010. 
  7. «Husker Football History». Huskers.com. http://www.huskers.com//pdf5/40179.pdf?ATCLID=2722&SPSID=8&SPID=22&DB_OEM_ID=100. Henta September 5, 2010. 
  8. «Memorial Stadium – Home of the Huskers». Huskers.com. 2010. http://www.huskers.com/ViewArticle.dbml?DB_OEM_ID=100&ATCLID=734. Henta September 5, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: University of Nebraska–Lincoln