Urea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
3D modell av molekylet

Urea (CON2H4 er eit amid. Det vil seia ei organisk sambinding som inneheld nitrogen og ei karbonylgruppe. Sambindinga er òg kjend under namna urinstoff og karbamid. Det systematiske namnet er karbonsyrediamid. Reint urea er eit kvitt, krystallinsk, luktfritt stoff.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Urea vart oppdaga av Hilaire Rouelle i 1773 . Stoffet var den første organiske sambindinga som vart syntetisert frå uorganiske utgangsstoff. Dette vart gjort i 1828 av Friedrich Woehler. Han danna stoffet i ein reaksjon mellom kaliumcyanat og ammoniumsulfat under eit forsøk på å framstilla ammoniumcyanat (NH4CNO). Ved å danna urea motbeviste han vitalisme, teorien om at kjemikaliane i levande organismar var fundamentalt ulike andre materiale. Dette vart starten på fagfeltet organisk kjemi.

Urea Synthesis Woehler.png

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Urea har mange bruksområde. Nokre eksempel er:

  • Som bestanddel i gjødsel. Urea er ei ganske billig kjelde til nitrogen.
  • Som ingrediens i nokre hudkremar, badeoljar o.l.
  • Som råstoff i produksjon av nokre typar plast.
  • Som råstoff i produksjon av nokre typar lim (urea-formaldehyd eller urea-melamin-formaldehyd). Den siste er vassfast.
  • Karbamid har e-nummer E-927b og vert mellom anna brukt i tyggegummi.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Stoffet kan utvinnast av urin og var den første organiske sambindinga som vart framstilt kunstig i laboratoriet.

I dag vert urea produsert i store mengder ved direkte reaksjon mellom ammoniakk (NH3)og karbondioksid (CO2).

Biologisk rolle[endre | endre wikiteksten]

Urea er eit avfallsstoff frå nedbryting av protein. Det vert utskilt gjennom urinen.