Urglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cesiumfluorid på eit urglas

Eit urglas er eit sirkulært, litt konkavt stykke glas. I kjemi vert slike nytta som ei overflate til å fordampa ei væske frå, til å vega faste stoff på eller til å dekka eit begerglas. Sistnemnde bruk egnar seg til å hindra støv og andre partiklar i å koma ned i begerglaset, men gass vil sleppa ut og inn.

Urglas vert kalla dette fordi dei er identiske med glasa brukt på gammaldagse lommeur. Dei finst i ulike storleikar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.