Utjamning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Utjamning er ei kurvetilpassing i statistikk, fastlegging av ei teoretisk kurve (graf) som best mogeleg følgjer kurva ved ei rekkje observasjonar. Ved enkelte statistiske observasjonsmaterialar, til dømes prisdata eller elektrisitetskonsum, registrerer ein ein utvikling over tid. Ei grafisk framstilling av ei slik tidsrekke, x1, x2, ..., xt–1, xt, xt+1, ..., gjev ei kurve som ofte kan oppfattast som ein sum av fleire komponent: ei jamn langtidsutvikling eller trend, periodiske komponentar (til dømes sesongsvingingar), og tilfeldige variasjonar og forstyrringar. Ved utjamning søker ein ved hjelp av forskjellige metodar å eliminere forstyrringa og få fram dei systematiske komponentane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]