VG-lista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

VG-lista er den offisielle salslista for musikk i Noreg. Lista omfattar både singelar (Topp 20) og album (Topp 40). Ein gong i veka vert ei ny liste presentert i avisa VG og NRK-programmet Topp 20. Lista baserer seg på utsal frå om lag 100 platebutikkar rundt om i landet.

Singellista starta som ei Topp 10-liste i veke 42 i 1958 og vart utvida til ei Topp 20-liste i veke 5 1995. Samstundes vart albumlista utvida til Topp 40. Albumlista hadde frå ho kom i gang første gong i veke 1 1967 vore ei Topp 20-liste. Den første singelen på toppen av VG-lista var Billy Vaughn Orchestra med «Sail Along Silvery Moon».

Sidan veke 10 2003 har òg sal av musikk-DVDar hatt ei eiga liste.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]