Vados

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vados er ein sone i jorda mellom jordoverflata og toppen av den freatiske sonen, sjiktet der grunnvatn er ved atmosfærisk trykk. Vatn i den vadose sonen har eit vassøyletrykk som er mindre enn atmosfærisk trykk og vert halde der av ein kombinasjon av adhesjon og kapillaritet. Om den vadose sonen omhyllar jordsmonn vil vatnet i sonen verte kalla jordfukt. I finkorna jord vil kapillariteten få porene i jorda til å bli heilt metta opp til vasspegelen ved eit trykk mindre enn det atmosfæriske. I slik jord er derfor den umetta sonen den øvre delen av den vadose sonen og ikkje lik den vadose sonen som han ofte er.

Vassrørsler i den vadose sonen vert studert i jordfysikk og hydrologi, særleg hydrogeologi, og er viktig for jordbruk, transport av forureining og flaumkontroll. Richardslikninga vert ofte nytta for å matematisk skildre vasstraumen, som er delvis basert på Darcy-lova.

I geologi [endre]

I geologi vert omgrepet vados nytta om vatn i undergrunnen som stammar frå nedbør. Det motsette er juvenil.

Sjå òg [endre]

Kjelder [endre]