Vasspipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mann med vasspipe

Ei vasspipe er eit instrument til å røykja tobakk med, og er utbreidd i Asia. I Noreg vert vasspiper stort sett brukte til å røykja hasj og marihuana med, oftast saman med tobakk. Å røykja rein tobakk i vasspipa er ikkje vanleg, då det er svært sterkt. Vasspipetobakk inneheld om lag fire prosent tobakk, resten er fruktmasse eller liknande. Den tradisjonelle vasspipa kan òg kallast hookah eller narghile.

Ei vasspipe er ei pipe med vatn i, der røyken må gå gjennom vatnet for å koma til munnstykket. Over vasskanten er det eit hòl, kalla choke, som ein brukar når pipa skal tømmast for røyk.

Ei brusflaske kan brukast til å laga improviserte vasspiper. Då lagar ein to hòl i flaska. I det eine hòlet stikk ein ein slangebit, med pipehovudet (chillum) i eine enden. Det andre hòlet er choken.