Vauxhall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vauxhall er ein stad i Lambeth, London. Det ligg på sørbreidda av Themsen, vis-a-vis Tate Britain i Millbank.

Området høyrte på 1200-talet til Margaret de Redvers, som var ei velståande enke. Ho gifta seg med Fulk le Breant, ein leigesoldat som blei sheriff av Oxford og Hertford under kong Johan. Han fekk òg herregarden i Luton, og tok ein griff som sitt emblem. Huset paret bygde i området heitte først Fulk's Hall. Dette blei etter kvart forvanska til Fox Hall, så Vaux Hall og tilslutt Vauxhall.

Vauxhall Pleasure Gardens var gjennom to hundreår ein oase i London. I 1840-åra kom London and South Western Railway til området, og Vauxhall blei eit område for bustader og lett industri. Dermed forsvann hagane.

I 1857 blei Vauxall Iron Works grunnlagt på staden. Firmaet konstruerte først industrimaskinar, og tok griffen til Fulk i ein noko modifisert form som sin logo. Dette firmaet blei seinare til bilprodusenten Vauxhall Motors.

Kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Vauxhall stasjon er ein stasjon for både undergrunns- og jernbanetog, og rett ved sida av ligg ein bussterminal. Pimlico undergrunnsstasjon ligg også rett ved Vauxhall.