Vedvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vedvik er ei lita bygd på nordsida av Vågsøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Vedvik ligg mellom Halsør og Refvika. På 1500-1600 talet var det tre gardar i Vedvik. På 1830-talet var talet på gardar auka til 15.

Dei eldste gardsnamna er: Hola, Telvikja, Sætra, Horn, Riseng, Myrane, Rinden, Steinane, Breisethola, Mosolen, Steinagarden, Kvia, Bakken og Hammaren.

Den fyrste skulen låg i Geilane og var ferdig i 1902. Seinare fekk Refvika eit skulehus i 1922. Vedvik fekk ny skule i 1957. Skulen i Vedvik vart lagt ned i august 2002, men har vorte eit grendahus. Der vert det skipa til festar, musikkøvingar og andre sosiale samkomer.