Videografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Videografi er ein vitskapleg metode eller tilnærming for studiet av ekte eller faktiske (ikkje-arrangerte) sosiale situasjonar ved hjelp av video. Dette er ein sosialvitskapleg metode som har skote fart i kjølvatnet av den teknologiske utviklinga kring digitale videokamera. Sosial interaksjon vert studert med utgangspunkt i metodar og teoriar utvikla innanfor 1. filosofisk-fenomenologisk hermeneutikk og forståande sosiologi, 2. konversasjonsanalyse (engelsk Conversation analysis) og 3. etnografi. Hermeneutikken ligg til grunn for tilnærminga; all sosial interaksjon er meiningstufta handlingar som er tolka av deltakarane og som igjen lyt tolkast av forskarane. Konversasjonsnalysen er avgjerande for klargjere korleis meining vert konstituert i samhandlinga. Dette gjerast ved ein sekvensiell analyse med vekt på dei meiningskonstituerande overgangane eller turar (eng. turns). Etnografisk tilnærming er òg avgjerande for å kunne tolke situasjon godt; ein jaktar her på den kulturelle og overliggjande kunnskapen som er med og konstituerer situasjonen for deltakarane.

Videografisk tilnærming legg vekt på arbeid i tolkingsfellesskap mellom forskarane og mellom forskarane og deltakarane. Ein ser det som ein fordel med så mange tolkingar som mogleg (objektivitet føreset mange tolkingar, dvs. intersubjektivt etablert kunnskap). Driven særleg fram av det kunnskapssosiologiske miljøet i Tyskland (universitetet i Konstanz og det tekniske universitetet i Berlin) og i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knoblauch, H., B. Schnettler, et al. (2006). Video analysis. Methodology and methods. Qualitative audiovisual data analysis in sociology. Frankfurt am Main, Peter Lang.
  • Knoblauch, H. (2008). «Videografi. Å tolke samhandling i kontekst.» Sosiologi i dag 38(2): 7–24.