Visnepunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Visnepunkt eller visnegrense er ei grense for kor låg vassinnhaldet kan vere i eit jordsmonn før plantene visnar. I ein tørrvêrsperiode vil vegetasjonen nytte vatn som er lagra i jorda, og plantene visnar. Som regel er det noko vatn att i jorda, men det er så sterk bunde at plantene ikkje kan nytte seg av det.

Fysisk er visnepunktet definert (med symbol θpwp eller θwp) som vassinnhald ved eit sugetrykk på -1500 J/kg (eller -15 bar), eller negativt vassøyletrykk. Visnepunktet har ikkje noko konstant verdi, men er avhengig av jordsmonn, planter og atmosfæriske tilhøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991) Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala – Alma Mater Forlag. ISBN 82-419-0063-5.