Vivian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vivien Leigh (som var døypt Vivian) i A Streetcar Named Desire.

Vivian er eit namn av latinsk opphav som kan brukast av begge kjønn. Det er avleidd av Viviana, som kjem frå latinsk vivus, 'levande'. Vivian har namnedag den 28. april.

Vivian var opphavleg eit engelsk mannsnamn, men blei gradvis også brukt som kvinnenamn, som er det det er rekna som i Noreg. Namnet er også kjend under former som Vivien og Vivyan og dei klart kvinnelege franske formene Vivianne og Vivienne. Det har kortformer som Viv og Vianne (engelsk), Vivi (norsk og svensk) og Viivi (finsk). I Sør- og Aust-Europa er namnet kjend som Bibiana.

Vivian kan også vera eit slektsnamn.

Cricketspelaren Vivian Richards.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]