Voss Folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Voss Folkehøgskule

Voss FolkehøgskuleVoss er ein frilynt folkehøgskule som har vore i drift sidan 1895. Skulen ligg på garden Seim like vest for Vossavangen, og har seks linjer:

  • Data
  • Film
  • Frisport ekstrem
  • Idrett & Friluftsliv
  • Musikk
  • Fitness

Skulen tek mot rundt 100 elevar kvart år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen vart grunnlagt i 1895 av Lars Eskeland, men ideen om å ta til med folkehøgskule her kom i 1887 då Bjørnstjerne Bjørnson var på Voss. Ei gruppe unge menneske hylla diktaren ved å syngje «Ja, vi elsker» utanfor hotellet der han budde. Bjørnson spurde ved dette høvet dei unge om det var nokon folkehøgskule i bygda. Då svaret var nei, uttalte han: «Ungdom på Voss. Det er mit ønske at det på Voss må bli reist en folkehøiskole.» Skulens ideologi var inspirert av Nikolai Frederik Severin Grundtvigs idè om folkehøgskoler.

Voss Folkehøgskule som sjukehus[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart delar av folkehøgskulen tekne i bruk som sjukehus. Dette vara ved heilt til midt på 1950-talet då Fylkessjukehuset på Voss stod ferdig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]