Walden Pond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walden Pond.

Walden Pond er namnet på ei 31 meter djup tjørn i Massachusetts i USA. Tjørna er forma i ei jettegryte, og er 250 000 kvadratmeter stor. Jettegryta vart forma då isen drog seg attende etter siste istid om lag 12 000 år sidan.

Diktar-filosofen Henry David Thoreau budde to år attmed Walden Pond, frå 1845. Etter dette skreiv han hovudverket sitt: Walden. Etter dette vart staden vidkjent, og er reservat i dag. Tjørna og området ikring er i dag under press, men verna av sterke interesser.

Walden Puddle i teikneserien Doonesbury er kalla opp etter Walden Pond..