Walt Disney Pictures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Walt Disney Pictures, marknadsført berre som Disney sidan 2011, er eit amerikansk filmstudio og underselskap av Walt Disney Studios, som vidare er eigs av The Walt Disney Company. Underselskapet er ein hovudprodusent av spelefilmar innan Walt Disney Studios-avdelinga, og er lokalisert på Walt Disney Studios i Burbank, California. Studioet tok sitt noverande namn i 1983.

I dag er Walt Disney Pictures, saman med andre avdelingar under Walt Disney Studios, sett på som ein av dei fem store filmstudioa i Hollywood. Filmar produserte av Walt Disney Animation Studios og Pixar Animation Studios er òg utgjevne under denne merkevara.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell nettstad Edit this at Wikidata

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.