Walther P38

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Walther P38 er ein pistol i kaliber 9 mm Parabellum som vart approbert av den tyske hæren i 1938.

P38 vart introdusert i 1938, og produsert mesta til krigen var over. Produksjonen vart teken opp att i Vest-Tyskland i 1958, for både militæret og politiet.

P38 var den første pistolen med lukka sluttstykke som hadde sjølvspennaravtrekkjar. Det tyder at brukaren kan bera våpenet ladd med hammaren nede, og så berre presse inn avtrekkjaren for å avfyre våpenet. Det motsette av lukka sluttstykke, er den enklare bakslagsmekanismen som pistolar med svakare patronar kan nytte. Både Walther, Mauser og Spreewerk laga P38.

Etter krigen er P38 au bruka i Noreg, til liks med andre våpen den tyske okkupasjonsmakta etterlét seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak engelskspråkleg wikipedia