Watergate-skandalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Watergate-kontora i Washington DC

Watergate-skandale eller berre Watergate har vorte ei nemning på den politiske skandalen der Richard Nixon vart tvinga til å gå av som president for Sambandsstatane. Watergate er eit kontorbygg i Washington D.C. der det demokratiske partiet hadde hovudkontor. Den 17. juni 1972 vart fem menn arrestert etter å ha brote seg inn i kontorlokala. Fire av desse var eksilkubaranarar. Femtemann, James McCord, var frå Sambandsstatane. Etter arrestasjonane vart det nøsta opp at innbrotet hang saman med politikarar på høgt plan.

Journalistane Carl Bernstein og Bob Woodward i avisa Washington Post lukkast å avsløra at presidenten sin administrasjon i det kvite huset var innblanda i innbrotet. Truleg var presidenten sjølv ein av dei som stod bak, og i alle høve ein komité for å få han attvald. Journalistane vart informert av ein person som gjekk under kodenamnet Deep Throat. Lenge var det uvisst kven denne personen var, men ein rekna med at han måtte ha nær tilknyting til administrasjonen. Opp gjennom åra vart det laga ymse teoriar om kven Deep Throat kunne ha vore. Den 31. mai 2005 stod FBI-agenten Mark Felt fram som den mystiske kjelda. Journalistane stadfesta at han var kjelda. Dei hadde lova å ikkje røpa kven kjelda var før personen var død eller avslørte det sjølv.

I løpet av ei kongresshøyring kom det fram at mange samtalar som presidenten hadde hatt var tekne opp på lydband. I april 1974 vart ein stor del av materialet frå lydbanda offentleggjort. Offentleggjeringa førte til nye skandalar. Innhaldet på banda var avslørande, og i tillegg kunne ikkje presidenten og medarbeidarane hans gje ei forklaring på kvifor delar av avgjerande samtalar mangla.

Nixon klynga seg til makta så lenge han kunne, og prøvde mellom anna å avleia merksemd gjennom ei rad utanrikspolitiske utspel. I august 1974 var kravet om å stilla han for riksrett vorte så sterkt at han fann det naudsynt å gå av. Nixon var den fyrste presidenten gjennom historia til USA som måtte gå av.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Watergate-skandalen