Wiener Sezession

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sezessionbygningen i Wien, bygd i 1897 av Joseph Maria Olbrich for utstillingar av sezession-gruppa.

Wiener Sezession (òg kjend som Vereinigung Bildender Künstler Österreichs eller «foreininga for austerrikske biletkunstnarar») vart skipa i 1897 av ei gruppe austerrikske kunstnarar som hadde trekt seg frå Foreininga for austerrikske kunstnarar, som heldt til i Wien Künstlerhaus. Denne rørsla omfatta målarar, bilethoggarar og arkitektar. Den første leiaren for sezessionen var Gustav Klimt og Rudolf von Alt vart ærespresident. Talerøyr for gruppa var tidsskriftet Ver Sacrum.

Målet deira var å frigjere måleriet frå den akademiske tradisjonen på 1800-talet og skape ein ny, sjølvstendig stil innan kunsthandverket, der han vart ein lineær og todimensjonal austerriksk variant av art nouveau og jugendstilen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]