Wikipedia-diskusjon:Namnekonvensjonar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geografiske namn[endre wikiteksten]

Har me klart å bli samde om eitt sett med konvensjonar for geografiske namn no?

Når me er samde, bør resultatet skrivast inn på Wikipedia:Namnekonvensjonar.

  1. Me har både Kategori:Land i Afrika og Kategori:Europeiske regionar. Me bør velja éi av formene.
  2. Me har både Kategori:Øyar i Noreg og Kategori:Norske øyar. Me lyt velja éi av formene. Sjå òg Kategoridiskusjon:Britiske øyar.
  3. Me har både Kategori:Elvar i Europa og Kategori:Afrikanske elvar. Me lyt velja éi av formene.
  4. Me har både Kategori:Elvar i Russland og Kategori:Russiske elvar. Me lyt velja éi av formene.

Eg har ei kjensle av at me har hatt denne debatten før… (I so fall, kvar?)
--Verdlanco\ordskifte 14. mars 2006 kl. 21:14 (UTC)

Eg kan heller ikkje hugsa kvar, men er viss på at me kom fram til "[stad] i [geografisk område]" som hovudform. Wikipedia:Retningsliner peiker til nokre namnekonvensjonar, men ikkje dei som har med geografi å gjera.
Når det gjeld ein kategori som Norske øyar har eg lete vera å sletta den fordi eg lurte på om kanskje me skulle bruka løysinga på nb: om å skilja mellom øyar som ligg geografisk i Noreg og dei som berre tilhøyrer landet politisk. -- Ranveig 15. mars 2006 kl. 11:06 (UTC)