Wikipedia-diskusjon:Samordning vs fridom

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Liste over artiklar vi bør ha[endre wikiteksten]

Vel, eg laga denn overskrifta for å følgje eit tema over (Liste over artiklar vi bør ha).

Eg er rimeleg ny er på den nynorske wikipedia. Men eg trur dei fleste av oss har interesseområde/særskilte kunnskapsområde me har betre utgangspunkt å skrive artiklar om.

Meg, til dømes, i prioritert rekkjefølgje:

  • Musikk, prioritert jazz samt instrument + teknologi (sjå under)
  • Teknologi, deriblant mjukvare og hardvare
  • Litteratur
  • Ymse andre kuriøse tema

Når eg ser på Liste over artiklar vi bør ha er eg sjølvsagt samd i denne.

Men er det likevel greitt å sjå vekk frå denne lista og heller skrive noko om det ein er MEST interessert i? --Bep 23. jan 2005 kl. 1924 (UTC)

Den felles lista over artiklar vi bør ha, bør naturleg nok nemna saker av felles interesse. Men med unntak av enkelte prosjekt der fleire brukarar samarbeider om visse emne, er ikkje lista noko imperativ. Ho er vel meir tenkt som inspirasjon og tips. Elles kan du jobba med nett kva du vil, og personlege lister over det du er interessert i kan skrivast på brukarsidene – for din del sida Brukar:Bep og eventuelt Brukardiskusjon:Bep. Helsing Eddi (Snakk) 23. jan 2005 kl. 1946 (UTC)
Joda, eg forstår jo at det er fritt fram. Men kva er den overordna policy: Top-down eller bottom-up? --Bep 23. jan 2005 kl. 2005 (UTC)
Me har ikkje felles køyrereglar for kva som skal skrivast først. Me skal jo få med oss alt etter kvart, eller kva?
Det er viktig å få med seg det grunnleggjande. Men det er òg viktig å ha gode artiklar om spesielle tema. Me har til dømes vekas artikkel som skal visa kor flinke og dynamiske me er. Forslag for neste veke ville forresten vera fint. -- Ranveig 23. jan 2005 kl. 2040 (UTC)
Ja, eg er òg einig i at kvar bør skrive ut frå sine sterke sider. Samtidig er det slik at vi satsar på å bli eit stort og grundig oppslagsverk. Lista over artiklar vi bør ha er der delvis som eit barometer på korleis det går med allmenkunnskapen og delvis som tips til ting vi bør arbeide på ved sida av hovudinteressene våre slik at vi kan hugse å bruke litt tid på å byggje opp den grunnleggjande basen samtidig med at vi hovudsakleg lagar grundige og engasjerte artiklar om det kvar av oss brenn for. Hovudmåten vi kan få med oss alt på er elles å verve ein skokk med nye skribentar med kvar sine utgangspunkt, interesser og sterke sider. -- Olve 23. jan 2005 kl. 2144 (UTC)

Så vidt eg skjønar er sida Etterspurde sider eit automatisert oversyn over kor mange lenker det er til sider som ikkje er oppretta enno. Ein god indikasjon på sider som det vil vera aktuelt å opprette i nær framtid, altså. Veit nokon kor ofte dette oversynet blir oppdatert?