Wikipedia:Gode artiklar/Krav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Krav til gode artiklar


Ei slik stjerne i toppen av artikkelen symboliserer at det er ein god artikkel
Ei slik stjerne i toppen av artikkelen symboliserer at det er ein god artikkel

For at ein artikkel skal få merkelappen «God artikkel», må han oppfylle desse krava:


Ein god artikkel...
  • har ei enkel og kortfatta innleiing
    • innleiinga forklarer og oppsummerer kva artikkelen dreier seg om, også for ikkje-ekspertar
    • det skal vera mogleg å få ei forståing for emnet bare ved å lesa innleiinga

Innhald og kjelder[endre wikiteksten]

  • informerer om emnet sitt
    • vantar ikkje viktige punkt som gjeld emnet
    • går ikkje for langt inn på andre emne
    • er ikkje for detaljert for eit allmennleksikon
      • detaljar som går for djupt eller høyrer til eit anna emne kan lett flyttast vidare til ein annan artikkel
  • er etterretteleg
    • har ei fyldig kjeldeliste, eller det som står kan lett etterprøvast
    • tar utgangspunkt i veldokumenteterte hovudsyn på saka (kontroversielle synspunkt bør nemnast seinare)
  • er nøytral
    • forfattaren skal ikkje vera partisk
    • global vinkling heller enn lokal der det går

Lenkjer[endre wikiteksten]

  • har ei passande mengde lenkjer til og frå
    • der er rikeleg med lenkjer, men den vanlege teksten druknar ikkje i dei
  • har for det meste blåe lenkjer, det vil seie at det i enden av lenkjene finst artiklar. Desse er utfyllande og forklarande, og gir lesaren god innsikt i emne som eventuelt er naudsynte for å forstå innhaldet i hovudartikkelen (støtteartiklar).
  • blir vist til frå andre sider (sjå under Lenkjer hit)
  • fører eit godt språk
    • har ingen skrivefeil eller grammatiske feil
    • held seg til éi målform i heile artikkelen
    • laus og ledig språkføring utan preg av andre språk
  • har illustrerande filer der det er mogleg
    • filene står til noko som blir skildra i teksten
    • filene forstyrrar ikkje for teksten