Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia

Type nettstadinternettensyklopedi, MediaWiki-nettstad, Wikimedia-prosjekt, ope innhald, crowdsourced project, self-depicting entity, fagfelt, plattform for brukergenerert innhold
Tilgjengeleg påfleire språk
Grunnlagd15. januar 2001
OpphavslandUSA
EigarWikimedia Foundation
Nettstadwikipedia.org
Nynorsk Wikipedia sin logo.

Wikipedia er eit fritt oppslagsverk skrive på dugnad av brukarane ved hjelp av wiki-programvare. Wikipedia er styrt av Wikimedia Foundation, ein organisasjon som vert driven utan økonomisk vinning som mål. I tillegg til vanleg oppslagsverksinnhald, inneheld Wikipedia informasjon som ein ofte finn i almanakkar og atlas, og nyhende.

Opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

All teksten i Wikipedia vert utgjeven under GNU fri dokumentasjonslisens, også kjent som GFDL. Det betyr at det er fritt fram å bruka, redigera, kopiera og redistribuera alt innhaldet, så lenge ein held seg til retningslinjene i GFDL. Kort fortalt går lisensen ut på at ein må seia klart frå kor innhaldet er henta frå, og gje andre den same retten til å bruka og vidareutvikla innhaldet.

Andre delar av innhaldet, som til dømes bilete laga av kunstnarar som har døydd meir enn 70 år sidan, er det stort sett ingen som har opphavsrett etter lovane i dei fleste landa og vert i slike tilfelle brukt fritt på Wikipedia.

Dugnadsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Innhaldet i Wikipedia vert skrive av brukarane. Sidene er med få unntak alltid opne for redigering av både registrerte og anonyme brukarar, og ingen artikkel er nokon gong ferdig. Dette har gjeve opphav til mange argument mot Wikipedia, som at artiklane vil bli ufullstendige og lite truverdige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia byrja som eit engelskspråkleg prosjekt den 15. januar 2001, og fransk kom raskt etter den 23. mars 2001. Norsk Wikipedia kom til i 2002, og Nynorsk Wikipedia i 2004.

Det har vore gjort mykje arbeid sidan i å gjera Wikipedia fleirspråkleg, og prosjektet har nå meir enn 1 400 000 artiklar på engelsk og meir enn 5 millionar til saman (september 2006).

Milepålar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevaransvar[endre | endre wikiteksten]

Stiftinga Wikimedia Foundation eig tenarane, domenenamnet og utsjånaden til wikipediasidene. Stiftinga har utgjevaransvaret for Wikipedia, og følgjer lovene til delstaten Florida. Jimmy Wales, initiativtakaren til Wikipedia, er formann i stiftinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wikipedia