Wikipedia:Mal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snarveg:
WP:M
WP:Mal

Ein mal er ei mønsterside som kan brukast for å setja inn like ting i fleire artiklar, til dømes tekst, faktaboksar, tabellar og bilete. Denne sida gjev ei oversikt over dei fleste malane som allereie finst.

For å laga ein ny mal er det berre å oppretta ei side i Mal-namnerommet, det vil seie ei side med namn Mal:Malnamn, og på den sida leggja inn det ein vil at malen skal innehalda av tekst, bilete og eventuell formatering. I dette dømet er Malnamn namnet på malen. Forbokstavane i Mal og i Malnamn kan vera store eller små, det er valfritt.

Malbruk[endre | endre wikiteksten]

For å setja inn malen i ein artikkel må ein skriva {{Malnamn}} i artikkelen. For ein enkel mal er dette nok, han vil nå visast i artikkelen. Mal:Spire er ein slik enkel mal.

Andre malar kan ta imot argument. I malkoden må ein då skriva t.d. {{Malnamn|Argument=Verdi}}, der «Verdi» blir brukt som ein del av innhaldet i malen. Mal:Infoboks kommune er ein mal som treng argument.

Meir informasjon og diskusjon om bruk av malar finst på engelsk i Meta-wikipediaen.

Alle malar[endre | endre wikiteksten]

Når ein har oppretta ein mal bør ein kategorisera han, eventuelt gje melding på diskusjonssida slik at andre kan leggja kategorien inn. Det er òg viktig at ei forklaring av korleis malen skal brukast, blir lagt på diskusjonssida til malen, som har namneforma Maldiskusjon:Malnamn.

Ei komplett liste over alle malane på denne wikipediaen finst her, men denne er ikkje systematisert anna enn alfabetisk. Det finst også eit noko meir ordna oversyn i mal-kategorien.