Willibald Jentschke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Willibald Karl Jentschke (fødd 6. desember 1911 i Wien, død 11. mars 2002) var ein tysk-austerriksk fysikar.

Han var dosent ved universitetet i Wien frå 1942 og professor i Illinois i USA frå 1954 og i Hamburg frå 1956 til 1981. Han var prosjektleiar for bygginga av DESY. I åra 1971–75 var han generaldirektør for Det europeiske rådet for atomkjerneforskning (CERN). Jentschke er kjent for arbeid innan kjerne- og elementærpartikkelfysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]