Willie Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willie Banks


Statsborgarskap USA
Fødd 11. mars 1956 (68 år)
Fairfield
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Bislett-medaljen, Eagle Scout

William Augustus Banks (fødd 11. mars 1956) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som var verdsrekordhaldar i tresteghopp frå 1985 til 1995. Han vert hugsa for at han som utøvar oppmoda publikum om å klappe når han var i ferd med å gjennomføre eit hopp.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1978 passerte Banks 17-metersgrensa med eit hopp på 17,05 meter. Året etter vann han tresteg-tevlinga ved universiaden i Mexico-byen med 17,23 meter og USA-amerikansk rekord. Sommaren 1981 forbetra han landsrekorden til 17,56 meter i eit stemne i Sacramento. Ved VM i friidrett 1983 i Helsinki kneip han sølvmedaljen med eit bestehopp på 17,18 meter. Under dei olympiske sommarleikane i Los Angeles i 1984 vart han sjettemann. 16. juni 1985 i Sacramento smelte han til med heile 17,97 meter og verdsrekord då han sigra i den USA-amerikanske meisterskapen. Same året steig han til topps i verdscupen i tresteghopp. Og han vart kåra til årets idrettsutøvar i USA. Verdsrekorden gjaldt heilt fram til juli 1995, då briten Jonathan Edwards landa på 17,98 m. Banks deltok i Roma-VM 1987, men var langt unna å kvalifisere seg til finalen. Eitt år seinare vart han på ny sjettemann i ein OL-finale, hoppa i Seoul 17,03 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Willie Banks