Willis Tower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willis Tower
Sears Tower ss.jpg
Offisielt namn Willis Tower
Kallenamn Sears Tower
Stad Chicago i USA
Eigar Sears Roback Company
Arkitekt Skidmore & Owings
Påbegynt 1970
Opna 1973
Høgd Tak: 442 m. Spir: 527 m.

Willis Tower, også kalla «Sears Tower» er ein skyskrapar i Chicago i delstaten Illinois, USA. Tårnet er 442 meter høgt, og var verdas høgaste bygning frå opninga i 1973 og fram til Petronas Towers i Kuala Lumpur stod ferdige i 1998. Willis Tower ragar 108 etasjar over asfalten på nedre Chicago og har innehalde kontor for ei rekke handels- og finansinstitusjonar.

Namnet Sears Tower kjem av organisasjonen Sears, Roebuck & co som bygde tårnet for å plassera alle sine tilsette i same bygningen. Tårnet vart teikna av den amerikanske arkitekten Fazlur Khan saman med Bruce Graham. Bygningen skifte offisielt namn til Willis Tower i 2009.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Willis Tower

Kjelde[endre | endre wikiteksten]