Wobbe-indeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wobbe-indeks (IW) blir nytta til å samanlikne brennverdiane mellom ulike brennbare gassar,som naturgass, biogass og bygass. Dersom V_C er øvre brennverdi, òg kalla den kalorimetriske brennverdi, og G_S er spesifikk vekt, så er Wobbe-indeksen, I_W, definert som

I_W = \frac {V_C} {\sqrt{G_S}}.

Wobbe-indeksen blir nytta især til å stille inn forbrenninga av gass i for eksempel gasskomfyrar. Dette er viktig for å oppnå ei optimal og fullstendig forbrenning. Dersom to brennstoff har identiske Wobbe-indeksar så vil energiproduksjonen vere den same for gitte trykk og ventilinnstillingar. Andre flammekarakteristikkar (brennsnøggleik, svovelinnhald etc.) kan likevel variere ved same Wobbe-indeks.

Ver merksam på kva einingar Wobbe-indeksen er gjeven i.

Wobbe-indeksen for nokre vanlege brenselgassar [1][endre | endre wikiteksten]

Brenselgass Øvre indeks
Kcal/Sm3
Nedre indeks
Kcal/Sm3
Øvre indeks
MJ/Sm3
Nedre indeks
MJ/Sm3
Hydrogen 11,528 9,715 48.23 40.65
Metan 12,735 11,452 53.28 47.91
Etan 16,298 14,931 68.19 62.47
Etylen 15,253 14,344 63.82 60.01
Naturgass 12,837 11,597 53.71 48.52
Propan 19,376 17,817 81.07 74.54
Propylen 18,413 17,180 77.04 71.88
n-butan 22,066 20,336 92.32 85.08
Iso-butan 21,980 20,247 91.96 84.71
Butylen-1 21,142 19,728 88.46 82.54
LPG 20,755 19,106 86.84 79.94
Acetylen 14,655 14,141 61.32 59.16
Karbonmonoksid 3,060 3,060 12.80 12.80
NB: 1 Joule = 2.3901×10−4 kcal.

For bygass er ligg Wobbe-indeksen i området 22.5 – 30 MJ/Nm3

Referensar[endre | endre wikiteksten]