Wolfgang Schüssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wolfgang Schüssel

Wolfgang Schüssel (fødd 7. juni 1945), er ein austerriksk politikar frå Wien. Han var kanslar (tilsvarande statsminister) i Austerrike frå 4. februar 2000 til 11. januar 2007. Schüssel leiar det konservative Österreichische Volkspartei (ÖVP) (Austerrikske Folkeparti). Etter at ÖVP vart det tredje største partiet med 26,9 % av røystene ved valet 3. oktober 1999 danna Schüssel ei koalisjonsregjering med det høgreorienterte Freiheitliche Partei Österreichs (FPÖ) (Austerrikes Fridomsparti). Den 24. november 2002 vart det halde eit framskunda nyval, og Schüssel sitt parti gjekk kraftig fram, til 42,3 % oppslutning. ÖVP-FPÖ-koalisjonen vart sitjande. Etter at FPÖ vart splitta i april 2005 bestod koalisjonen av ÖVP og det nye høgreorienterte partiet Bündnis Zukunft Österreich (Samband Framtid Austerrike).

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.