Wolfram von Eschenbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wolfram von Eschenbach med væpnar, frå Codex Manesse.

Wolfram von Eschenbach (fødd kring 1170, død kring 1220) var ein tysk riddar og poet, og vert rekna som ein av dei største episke diktarane i mellomalderen ved sidan av Hartmann von Aue og Gottfried von Strassburg. Som minnesongar skreiv han òg lyrisk poesi.

Svært lite er kjent om livet til Wolfram. Av namnet hans har ein slutta seg til at han vart fødd i Eschenbach i nærleiken av Ansbach, og det er kjent at han virkte ved fleire hoff i løpet av livet sitt.

I dag er han først og fremst kjent for Parzival, av mange rekna som det fremste episke verket frå denne tida. Det er det eldste verna verket på tysk som omhandlar den heilage gralen og dessutan den eldste verna fullstendige gralsfortellinga i det heile, og einskilde trur at Wolfram har henta mykje av historia i skildringa frå Chrétien de Troyes sin Comte del Graal. Wolfram oppgjev likevel den heilt ukjende poeten Kyot frå Provence som ei viktig kjelde. Helten i verket blir kalla Parzival, eller Parsifal på norsk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Parzival omkring 1200-1210
Willehalm omkring 1212-1217
Titurel omkring 1217
Mange songar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]