Wu-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wu-riket (grønt) si utstrekning i 262

Det (austlege) Wu-dynastiet (kinesisk: 東吳 dōng wú), også kjent som Sun-Wu (kinesisk; 孫吳 sūn wú) var ei herskarslekt som rådde over dei søraustlege delane av Kina frå 221 til 280.

Dynastiet vart grunnlagt av Sun Quan søraust i det dåverande keisarriket Kina. Riket voks fram i Tre rike-tida, då Han-dynastiet tapte all makt i Kina og keisardømmet vart splitta i tre rike; under Wu-dynastiet i sør, Wei-dynastiet i nord og Shu-dynastiet i vest.

Gjennom sjølvstendet frå sentralregjeringa, som hadde hatt tilhald i nord, utvikla det tidlegare så tilbakeliggande Søraustkina seg til eit av dei viktigaste økonomiske, kulturelle og politiske sentra i landet. Innan dei neste fem hundre åra var omme, hadde utviklinga i det sørlege av Kina overgått utviklinga i Nord-Kina. Verknadene av denne tidsalderen kan sporast i det politiske og kulturelle skiljet mellom Nord- og Sør-Kina av i dag.

Wu-dynastiet vart til sist erobra i 280 av Sima Yan, den fyrste Jin-keisaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]