Xylofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xylofon frå Filippinane.

Xylofon (utt. [sylofon]) er eit instrument i slagverkfamilien. Den er i slekt med marimbaen og kvar skiljet går kan vera vanskeleg å seie. Sjølve ordet «xylofon» stammar frå det greske ordet xylo som betyr 'tre' og fon som betyr 'lyd'. Det viser til at lyden i instrumentet kjem ved at ein slår på trestykke. Trestykke i ulik storleik er plassert i rekkjefølgje etter kva noter dei gjev, som tangentane på eit piano.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.