Yassa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kylling-yassa med ris.

Yassa er ein krydra vestafrikansk matrett laga med lauk og anten marinert fjørfe, marinert fisk eller marinert lam. Retten stammar frå Senegal, og er blitt utbreidd i heile Vest-Afrika. Kylling-yassa (yassa au poulet), laga med lauk, sitron eller sennep, er ein spesiailtet frå Casamance-regionen i Sør-Senegal.[1] Elles kan ein bruka lam og fisk til retten.[2][3] Han er rekna som ei form for ñaari cin, 'to gryter', der gryteretten og risen ein serverer han til blir laga kvar for seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bragger, Jeannette D.; Rice, Donald B. (2012). Quant a moi (5 utg.). Cengage. s. 43. ISBN 9781111354176. 
  2. Harris, Jessica B. (1998). The Africa Cookbook: Tastes of a Continent. Simon and Schuster. s. 234. ISBN 9780684802756. 
  3. Weibel, Alexa. «Chicken Yassa (Chicken With Onions, Citrus and Chile)». Henta 9. mai 2020.