Yawl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mutin er ein gaffelrigga yawl. Om båten hadde vore rigga med ei mast (utan mesanmasta akterut), hadde han vore klassifisert som kutter.

Yawl er eit mindre seglfartøy med to master, stormast og ei lita mesanmast eller papegøyemast plassert heilt aktarut, aktar for rorstamma. Dersom mesanmasta er plassert framfor rorstamma vert det kalla ein ketch.

Riggen er i store trekk ein forenkla kutterrigg, men yawlen har gjerne eit smalare storsegl. Yawlrigg kunne vere fordelaktig for fartøy bygd for konkurransar, fordi han gjev høve for å setje eit mesanstagsegl (som ikkje blir rekna inn i seglarealet ved regattasegling) i tillegg til det trekanta mesan- eller papegøyeseglet på aktre mast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]