Yi So-yeon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yi So-yeon

Yi So-yeon (fødd 2. juni 1978) er ein student ved Korea Advanced Institute of Science and Technology (KAIST) og den første sørkoreanske astronauten i verdsrommet. [1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Yi So-yeon blei fødd den 2. juni 1978 i Gwangju i Sør-Korea, der ho òg voks opp.

Ho studerte ved Gwangju Science High School og tok ein grad i mekanikk hos KAIST i Daejeon. Ho fullførte ein bachelorgrad og mastergrad og arbeider no som forskar i bioteknikk.

Ho fekk godkjent doktorgraden den 29. februar 2008 ved KAIST, men var for tida i Russland på astronauttrening. Då ho blei vald som astronaut var ho 28 år gamal og ugift.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.