Yuval Ne'eman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yuval Ne'eman (14. mai 192526. april 2006) var ein israelsk fysikar.

Han vart først utdanna som maskiningeniør, og vart frå 1955 til 1957 oberst i den israelske etterretningstenesta. Frå 1958 til 1960 var han militærattaché i London og studerte deretter elementærpartikkelfysikk. I 1961 sette han fram om lag samstundes med M. Gell-Mann, uavhengig av kvarandre, ein teori, den såkalla oktettmodellen. Denne skildra symmetrieigenskapane til elementærpartiklane. I 1962 vart han professor ved universitetet i Tel Aviv og frå 1961 til 1963 var han vitskapleg direktør ved laboratoria for kjernefysisk energi i Rehovoth. I 1968 vart han òg professor ved University of Texas i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]