Zetapotensial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zetapotensialet eller ζ-potensial er det elektrokinetiske potensialet ved grensa mellom sternlaget og det diffuse laget rundt ein partikkel i ein suspensjon.

Storleiken til zetapotensialet er avhengig av overflateladninga til partikkelen og storleiken av det elektriske dobbeltlaget. Når zetapotensialet har ein høg verdi fråstøytar partiklane kvarandre. Dette motverkar sedimentasjon og danning av aggregat.

Zetapotensialet kan målast ved elektroforese.