Brorpart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saa skal gods og skifftis effter fader oc moder.
Broder tager heel laad,oc søster tager halff laad.

Brorparten var den arveluten som etter gammal rett gjekk til ein bror ved eit arveskifte. Søsterparten var halvdelen av brorparten.

Ved arveskifte i Noreg vart skiftekostnader, gjeldskrav og gravferdskostnader dekte før arven vart gjort opp mellom arvingane. Ein attlevande ektefelle skulle ha sin halvdel av eit bu med felleseige før arven vart delt. Etter lova skulle attlevande ektefelle arve ein brorpart i arvebuet, men praksis viser at det sjeldan vart etterlevd. Arvebuet vart delt berre mellom attlevande slektningar.

Etter gammal norsk, svensk, dansk og slesvigsk rett gjaldt den hovudregelen at mann tok dobbelt lut mot kvinne, jamfør Kristian den femtes norske lov 5-2-29. Regelen vart avskaffa i Sverige ved forordning 19. mai 1845, i Danmark ved lov av 21. mai 1845 og i Noreg ved arvelova av 31. juli 1854.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Mands Person tager to Loder imod
en Qvindis Person tager een, i alle Arve.