Botolv Hov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Botolv Hov
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1922
Fresvik
Død

11. juni 2020 (98 år)
Fresvik

Yrke industrieigar, kommune-/bystyremedlem

Botolv Hov (8. mars 192211. juni 2020) var ein norsk industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Han var fødd i Fresvik i Vik kommune (tidlegare Leikanger kommune), og store delar av året busett på Styvi i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Hov var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Han starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å produsere element for kjøleromsveggar. Fresvik Produkt utvikla seg til ei suksessverksemd med 50 tilsette og ei omsetning på kring 50 millionar kroner i 2001.

Hov sat i Leikanger kommunestyre i to periodar, ein av dei i formannskapet. Etter at han flytta til Styvi, sat han ein periode i Aurland kommunestyre.

I tillegg hadde han fleire andre tillitsverv i begge kommunar. I 1993 opna han og ektemaken Kjellaug gardsmuseum og starta gardsturisme på Styvi. Hov gav i 2006 ut historieboka Styvi i NærøyfjordenSkald forlag.

Botolv Hov er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]