Fresvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For bygda med same namn i Hardanger, sjå Fresvik i Ullensvang
Fresvik
stad
Fresvik.jpg
Fresvik frå fjorden.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Vik
Postnummer 6896 FRESVIK
Preposisjon i Fresvik
Wikimedia Commons: Fresvik

Fresvik er ei bygd i Vik kommune i Sogn og Fjordne og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, ved ei bukt like vestom innlaupet til Aurlandsfjorden. Sørom Fresvik ligg Fresvikbreen. Største arbeidsplassen er kjøleisolasjonsprodusenten Fresvik produkt, men jordbruk er framleis ein viktig leveve

Fresvik fekk vegutløysing i 1976. Då vart vegen mellom Feios og Fresvik opna.[1]

Bygda har kyrkje, barnehage og den fådelte Fresvik skule[2]. Ungdomsskulen vart vedteken nedlagt i 2009 som fylgje av pengemangelen Vik kommune kom i etter at dei tapte pengar i Terra-skandalen, og frå skuleåret 2010/2011 må ungdomsskuleelvane frå Fresvik difor bussast til Feios skule.

Kvar sommar frå 2005 har Fres festival vorte halden i Fresvik.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Fresvik er først og fremst eit eldorado for friluftsglade folk. Fresvik er eit utmerka utgangspunkt for turar sommer som vinter, då bygda er omringa av fjell. Bygda ligg i umiddelbar nærleik til 5 toppar: Mulakamben (613 moh.), Middagshaugen (721 moh), Nonhaugen (1459 moh), Lauvhoggskallen (1224moh) og Hovsfjellet (1389 moh). Det finnes utallige ruter opp desse fjella, alt frå merka stiar for nybegynnarar til umerka klatreveggar for dei mest erfarne. Dei fleste toppane kan også bestigast om vinteren, kor Nonhaugen kanskje er den mest kjente med ski på beina. Andre kjente turar i Fresvik er blant anna Fresvikbreen (1642moh), Huldafossen (378), Huldabotn (873), Huldakyrkja (1379), Tundalen, Helgedalen, Holten (470), Bjørnstigen(1043), Kolåsen (800), Rjupeskard (1340), Lægdaskard (902), Jordalskard (1100), Skomakarnipa (920), Fysseholten (724), Storesåta (955) mm.

Rett aust for Fresvik ligg Nærøyfjorden, som står på UNESCOs verdensarvsliste. Nærøyfjorden er berre ein god padletur unna, og eit godt utgangspunkt for endå fleire turar.

I tillegg har bygda:

  • Kafé
  • Badeplass
  • Utleie av Kajakk
  • Utleie av teltplass med tilhørende servicerom (dusj, toalett, vaskemaskin)
  • Onsdagsturar
  • Stisykling
  • Skytebane
  • Fotballbane (gress)
  • Løpebane (grus)
  • Sandvolleyballbane
  • Ballbinge
  • Bibliotek
  • Treningsrom
  • Spinning
  • Trimmen
  • Dametrim
  • Korps
  • 4H
  • Grillhytte
  • Utleige av skihytte i Skard
  • Langrennsløype/lysløype
  • Småbåthamn
  • Gymsal

Fresvik kan også by på uorganiserte aktiviteter som:

  • Stisykling
  • Toppturar sommar
  • Toppturar vinter
  • Padling kano/kajakk
  • Friklatring
  • Blåbær- og tyttebærplukking
  • Paragliding

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjord funn i Fresvik frå jarnalderen, og gardsnamnet Hov tyder på at det har stått eit gudshov der i førkristen tid. Frå rundt år 1400 kom dei fleste av dei til då sjølveigande gardane inn under Fresvik gods. Godset bestod fram til midten av 1800-talet då det vart oppdeld og seld ut. [3]

Ingeborg Olsdotter Grønlien frå Grønlid på Fresvikåsen vart i 1845 avretta, som den nest siste i Sogn og Fjordane, ved halshogging. Ho hadde drepe faren sin. [4]

Andre kjende personar frå bygda er løparkongen Mensen Ernst og poeten Jon O. Bøtun.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Fram til og med 1991 høyrde Fresvik til Leikanger kommune. Ved ei regulering av kommunegrensene vart Fresvik, saman med Feios, overført til Vik kommune 1. januar 1992.[5]

Fresvik sokn[endre | endre wikiteksten]

Fresvik er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Fresvik kyrkje frå 1881.[6] Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Fleire kunstverk frå gamlekyrkja er i museumssamlingar i Bergen og Oslo.[7]

Fresvik sokn høyrde til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, men vart overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1. august 1999.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]