Ådnanipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnanipa sett frå Tunesfjellet
Foto: Svein Harkestad

Ådnanipa, som òg vert kalla Arnanipa, er eit fjell i Arna (Indre Arna) i Bergen kommune, 456 meter over havet på det høgste. Gjennom fjellet går det ein 2190 meter lang tunnel for Bergensbanen og ein 2133 meter lang tunnel for Europaveg 16.