Åge Danielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Åge Danielsen (fødd 22. juni 1942 i Narvik) er ein sosialøkonom som var administrerande direktør ved Rikshospitalet HF i Oslo frå 1997 til 2008.

Danielsen vart utnemnd til stillinga i statsråd i 1996, og tiltredde 1. februar 1997.[1] Tidlegare hadde han vore tilsett som fylkesrådmann i Nordland, direktør for Nordland distriktshøgskole, departementsråd i Forsvarsdepartementet og administrerande direktør i Statskonsult.

I februar 2008 vart det kjent at Åge Danielsen som sjukehusdirektør sette i gang bygging av sjukehotellRadiumhospitalet utan at finansieringa var godkjend av dei rette styresmaktene. Byggeprosjektet hadde til då kosta 30 millionar kroner. Fleirtalet i sjukehusstyret vurderte tilhøvet og fann den 29. februar at føretaket var best tent med at administrerande direktør gjekk av.

Styreverv[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]