Rikshospitalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°56′50.903″N 10°42′58.464″E

Rikshospitalet på Gaustad, tilkomsttorg med hovudinngang til høgre, inngang kvinne- og barneklinikk til venstre. (Foto: Kjetil Lenes)

Rikshospitalet er eit norsk somatisk sjukehus, grunnlagt i 1826 i Christiania (Oslo). Det ligg på Gaustad i Oslo, mellom Blindern og Sognsvann, og har ei tett tilknyting til universitetet i Oslo.

Rikshospitalet er frå 1. januar 2009 ein del av Oslo Universitetssykehus HF saman med dei tidlegare Aker Universitetssykehus HF og Ullevål Universitetssykehus HF. Rikshospitalet har ei rekke landsfunksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første sjukehuset[endre | endre wikiteksten]

Rikshospitalet blei oppretta for å skaffe Det Kgl. Frederiks Universitet (oppretta 1811) betre vilkår for eit medisinsk fakultet. Christiania hadde den gongen ikkje noko riktig sjukehus for sivile, berre Christiania garnisonssykehusHammersborg. I 1814 innstilte Det kongelige norske Sundhedscollegium på bygging av eit sjukehus med 150 senger og ein fødselsstiftelse med plass til 30. Fødselsstiftelsen blei provisorisk oppretta i 1818.

16. oktober 1826 flytta Rikshospitalet inn i lokala til militærhospitalet på Hammersborg. Det fekk 100 medisinske og kirurgiske senger og ein filial i Lille Strandgade der Christiania sivile sygehus blei hudavdeling med 55 senger. At hudavdelinga var ein tredel av sjukehuset speglar kva medisinen kunne gjera noko med den gong.

Fødselsstiftelsen kom på plass i eit hus ved sida av i 1837. Dette huset var teikna av arkitekt Christian Heinrich Grosch som òg teikna ei utviding av Rikshospitalet. Murbygningen, som ho blei heitande, var ferdig i 1842. Etter kvart blei det oppretta ei eigen avdeling for born i lokala til fødselsstiftelsen. Der blei det plass til 10-15 ungar.

Ein trong stadig plass for fleire pasientar og det blei leigd rom i hus og eigedommar rundt sjukehuset. Før flyttinga frå Akersgata hadde sjukehuset plass til 289 pasientar; 173 medisinske og kirurgiske pasientar, 79 med hud- og kjønnssjukdomar, 22 barselkvinner og 15 born.

Det andre sjukehuset[endre | endre wikiteksten]

I 1862 løyvde Stortinget pengar til kjøp av tomt til nytt Rikshospital. Etter mange ordskifte om medisin og økonomi stod sjukehuset ferdig i 1883. Det låg ved Pilestredet, ned mot Nordahl Bruns gate og hadde fleire hus rundt ein sentral plass med fontene. Hovudinngangen var i huset på hjørnet mot Langes gate. Det var 174 medisinske og kirurgiske plassar, 72 for hud- og kjønnssjukdommar og 18 isolasjonssenger. Isolasjonssengene var med tanke på smittsame sjukdommar som t.d. tyfoidfeber. Fødselsstiftelsen og barneavdelinga var det ikkje blitt plass til. Arkitektar for det nye sjukehuset var Heinrich E. Schirmer og Jacob Wilhelm Nordan.

Dette var aldeles for få senger, historia framover blei derfor ei historie om evig plassmangel og stadige påbyggingar. Det var heile tida ein føresetnad at når det gjaldt vanlege sjukdommar så skulle det ikkje vera plass til fleire pasientar enn det ein trong til undervisinga av medisinarane. Derimot skulle dei store spesialklinikkane vekse, som t.d. hud-, auge- og barneavdelingane.

Fødselstiftelsen kom etter i 1914 då den nye Kvinneklinikken blei bygd opp mot Stensgata, på det som blei kalla Nattmannshaugen. Tomta hadde blitt kjøpt alt i 1890. Deretter kom augeavdelinga i 1915, hudavdelinga i 1929, kirurgblokka kom stegvis frå 1935 til 1950, barneklinikken kom som fredsgåve frå Sverige i 1950 (med ekstra fløy i 1990), øyre-nase-halsavdelinga i 1967, patologibygget i 1971 og til slutt plastisk kirurgisk avdeling i 1989.

På 90-talet byrja også andre sjukehus å bli lagt inn under Rikshospitalet.

Ved flyttinga var det over 4000 tilsette, av desse var om lag 500 legar og 1 700 pleiepersonell.

Tomta i Pilestredet er no bygd ut til undervisningsformål og bustadar med namnet Pilestredet Park. Nokre av dei gamle husa står framleis.

Det tredje sjukehuset[endre | endre wikiteksten]

Rikshospitalet flytta frå Pilestredet til Gaustad i 2000 etter ein lang prosess. Det ligg saman med to universitetsbygg; Domus Medica og Domus Odontologica, og eit sjukehotell med 90 rom.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Rikshospitalet er frå 1. januar 2005 ein del av helseforetaket Rikshospitalet–Radiumhospitalet HF saman med Radiumhospitalet. Det opphavlege Rikshospitalet er no Rikshospitalet–Radiumhospitalet HF avdeling Gaustad.

Rikshospitalet-Radiumhospitalet HF har dei siste åra teke opp i seg fleire små sjukehus:

Funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Rikshospitalet har 585 senger. Halvparten er kirurgiske senger og kvar fjerde seng er ei barneseng. 44 senger er definert som post-operative eller intensivsenger. Det er 27 operasjonsstuer på sjukehuset.

Kvart år vert meir enn 30 000 pasientar lagt inn på Rikshospitalet til heildøgnsopphald. 20 000 pasientar får dagbehandling, og det vert gjennomført 160 000 polikliniske konsultasjonar.

Sjukehuset er eit universitetssjukehus med brei medisinsk forsking og undervising. Det har óg mange lands- og fleirregionale funksjonar, til dømes transplantasjonskirurgi og kirurgi på småbarn, og tek derfor imot pasientar frå andre landsdelar for høgspesialisert behandling.

Sjukehuset har dei siste åra hatt ein omfordeling av arbeidsområde i høve til andre sjukehus u Oslo. Ullevål Universitetssjukehus har teke over augeavdelinga frå Rikshospitalet, mens Rikshospitalet har teke øyre-nase-hals-sjukdommar frå Ullevål. Ulike funksjonar innanfor revmatologi er delt med Diakonhjemmet sykehus, og ortopedi med Ullevål.

Universitetstilknytting[endre | endre wikiteksten]

Rikshospitalet var det einaste universitetssjukehuset i Noreg i over hundre år. Det er framleis opplæring av studentar i medisin ved sjukehuset og fleire universitetsinstitutt er tilknytta sjukehuset, mellom anna Rettsmedisinsk institutt, Institutt for kirurgisk forsking, Pediatrisk forskningsinstitutt og Senter for helseadministrasjon.

Kjell Mardon Gunvaldsens Balanse heng over vegkrysset i Glassgata. (Foto: Kjetil Lenes)

Bygnaden[endre | endre wikiteksten]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Sjukehuset er teikna av Medplan A/S Arkitekter og har over 100 000 kvadratmeter golvareal, ikkje medrekna sjukehotell og universitetsareal. Det er påbygd to gonger sidan det var ferdig i 2000.

Huset er tenkt som ein by med hovudinngang og inngang til kvinne- og barneklinikkar frå eit ope torg (bilete øvst på sida). Frå hovudinngangen kjem ein inn i «glasgata». Det er ein opning med glastak i heile husets høgd og lengde. Poliklinikkar og sjukeavdelingar ligg ut mot denne gata. Unntaket er kvinne- og barneklinikkane som ligg som ei grend for seg sjølve på nordsida av sjukehuset.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Kunsten på Rikshospitalet er den største offentlege kunstsamlinga utanfor musea i Noreg. Det blei laga ein plan for kunsten ved sjukehuset som ein del av planlegginga. Det er gjeve oppdrag til 44 kunstnarar, det er kjøpt inn eit eller fleire verk av 55 til, og det er kjøpt inn over 200 grafiske blad til artoteket på sjukehuset.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rikshospitalet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]